KRF og Homofil-akseptKRF kom for kort tid sidan på bana med sitt utsagn om at dei no hadde blitt eit aksepterande parti i forhold til homofili. Dette utsagnet varma verkelig mitt hjarte, men etter nokre få sekund med fyring, skjønte eg at denne hjartevarminga berre var sløsing av dyr energi: For om ein reknar litt på saken, skjønner ein raskt at KRF ligg i minus på inkluderingstabellen. - For medan KRF er kjempeflinke til å prate stort om mobbing:
- Medan KRF stolt stemplar inn ord som ”Aksept” og ”Forståing” i planane sine:
- Medan KRF pratar om verdiar: Høyrar den homofile at han/ho ikkje er like verdifull som alle andre. Unge homofile ligg i toppen på sjølvmordsstatestikk, og da hjelper det serdeles lite at det finnest eit parti som fortell:
Det KRF sine representantar ikkje heilt har forstått, er at det alltid har eksistert homofile personar, på lik linje med brunetter og folk med frekner. Faktisk, vart det i det gamle Sparta sett på som positivt å vere homofil, for det styrka samhaldet mellom krigarane. Eit samhald KrF kanskje treng 2000 nye år på å etablere. Men Norske skipet seglar heldigvis i riktig retning for å utvide aksepten til homofili. Dessverre kastar KRF ut anker på anker med sine utsegn. Og det einaste som er mindre inkluderande enn eit moralpoliti, – er eit moralparti som finner seg retten til å snøfte på nasa og grynte ”Unaturlig” til alt og alle. Dette er eit faktum. Men vi kan ikkje sjå bort ifrå at ein KRF representant kjem på bana for poengtere korleis dette bare gjelder nokre få enkeltmennekjer i partiet. På førehand har eg eit svar til deg: ”Sjølv om KRF ikkje har partifesta allverden med homo-hat, ligger det mange grumsette haldningar blant mange av medlema om akkurat dette. Og grumsette haldingar klarar alltid å boble opp til overflata.” Til Trude Brosvik Eg har lyst å rette nokon oppfordringar til deg. Og om du verkeleg er for aksepten du pratar så fint om, vil du i staden for å bort-argumentere deg heller starte arbeidet for eit meir moderne KRF i Sogn og Fjordane. Når desse tiltaka er gjennomførte, skal eg med media komme på husdøra di med blomster for å fortelje kor stolt eg er av deg! 1) Sørg for å få medlemma til å akseptere at det faktisk finnest menneske som likar nokon av same kjønn.
- Gleder meg til husbesøk med blomster, kaffe og kaker!
Annonse | |||||||||||