Annonse
Annonse

Ein prøveklut for høgresida i AP

Forslaget om nedlegging av lokalsjukehusa i Lærdal og på Nordfjordeid er ei hjarterå sentralisering av viktige akuttfunksjonar og fødetilbod. Raudt vil ikkje akseptere at nærleik til akuttilbod og i verste fall liv og helse blir ofra for økonomien sin del.

Raudt vil gje ros til Sogn og Fjordane SP for at dei aktivt har teke til motmæle mot forslaget frå styret i Helse Førde, og det er tragisk at lokalsjukehus-tilhengjararne ikkje vann fram på AP-årsmøtet. Kva tid kjem SV på bana i denne saka?

Det er heilt klart at høgresida i AP no utnyttar litt uklare formuleringar i Soria Moria til å sentralisere helsetilbodet i fylket. Dersom sentralistane vinn fram her, vil dei andre lokalsjukehusa i landet også vere i fare.

Raudt oppmodar fagforeiningane både i offentleg sektor og i privat næringsliv til å vedta fråsegner og sende desse til Helse Førde, fylkestinget, Stortinget og Regjeringa.

Dersom vi får til eit slikt press, må sentralistane vike for fornuft. Dei som kjempa for sjukehusa i Høyanger og Florø leid nederlag, men konsekvensane vil bli verre dersom Lærdal og Nordfjordeid blir nedlagde fordi desse delane av fylket vil få lenger veg til akuttilbodet.

Denne kampen skal folk i Sogn og Fjordane vinne!

Raudt Sogn og Fjordane

STORSAMLING

Søndag 7. mars kl. 11:00 til 12:30 SIM-huset i Sogndal

Velkomen til stosamling på SIM-huset i Sogndal komande søndag!
Vår tidligare pastor Knut Erlend Rosvold er heime ein månad før dei skal ut på misjonsmarka. Han skal tale, det vert eigen bornesamling, kaffi og kaker!
Ta med ein ven og kom!!

Bruk reservasjonsretten mot datalagringsdirektivet!

EU sitt datalagringsdirektiv bryt med eit viktig grunnprinsipp i rettsstaten om at ein ikkje skal bli overvaka utan rimeleg grunn til mistanke. Direktivet grip direkte inn i kvardagen til folk ved at det blir lovpålagt å registrere all bruk av telefon, e-post og SMS i minst 6 månader.

Dei nye EU-reglane er eit alvorleg angrep på personvernet. Direktivet pålegg teleselskap og internettleverandørar å lagre informasjon om kven som ringjer, surfar på nettet, sender SMS eller e-post og kven som er mottakar, tidspunkt og kvar det blir ringt eller sendt frå. Det inneber at Telenor, NetCom og andre operatørar blir pålagt å ta vare på alle slike opplysningar i 6 – 24 månader.

Datatilsynet i Noreg kjem med sterke åtvaringar mot direktivet og fryktar at det vil bli oppretta hundrevis av små ”politiregister” hos internettleverandørar og teleselskap. Faren er stor for misbruk av opplysningar, og slik datalagring hos private firma inneber risiko for at opplysningar kan kome i urette hender. I juli 2002 vart det t.d. stole 60 000 personnummer frå Tele 2.

EU sitt datalagringsdirektiv er ein del av den indre marknaden og dermed EØS-relevant. Det har EF-domstolen slått fast. Det inneber at Noreg må bruke reservasjonsretten i EØS-avtalen for å unngå det omstridde direktivet.

I Soria Moria 2 deler dei raudgrøne seg i denne saka. AP vil gjere direktivet til norsk lov dersom dette ikkje fører til negative konsekvensar for personvernet, medan SV og SP vil bruke reservasjonsretten av omsyn til personvernet.

Motstanden mot direktivet er aukande, og både FrP, V og KrF vil bruke reservasjonsretten. Oslo Høgre har på årsmøtet sitt ,med stort fleirtal, gått inn for det same. Motstanden veks også innad i AP, og Trondheim AP krev på sitt årsmøte at regjeringa seier nei til direktivet med grunngjeving at ”sikring av elektroniske beviser forbeholdes personer under etterforskning, ikke uskyldige sivile.”

Sogn og Fjordane Nei til EU registrerer med glede den aukande motstanden og oppmodar folk om å skrive seg på underskriftslista til kampanjen ”Stopp datalagringsdirektivet”. Vi vil ikkje ha eit slikt overvakingssamfunn som datalagringsdirektivet legg opp til og krev at Stortinget tek i bruk den reservasjonsretten som ligg i EØS-avtala.

Sogn og Fjordane Nei til EU
Ingunn Kandal styremedlem

Framleis berre 85 % løn?

Raudt Høyanger meiner at lønsdiskrimineringa av kvinner nesten i seg sjølv er god nok grunn til å markere 8. mars. Kvinneløna ligg framleis 15 % under løna for menn. Partiet er misfornøgd med at korkje likelønsløftet eller likelønspotten ser ut til å kome i år.
Vi protesterer mot at privatkapitalistar skaffar seg ekstra-profitt ved å halde kvinnene nede. Det skjer i private bedrifter. Raudt vil også auke offentleg tilsette kvinner si løn pga. av likestilling mellom kjønna, men også fordi kvinnene i offentleg sektor, f. eks. pleiarar, ofte har ein mykje tyngre jobb enn betre betalte menn. Klart det vil koste å heve kvinneløna i kommune, fylke og stat. Derfor må dei med eigarinntekter og dei verkeleg høgtløna skattleggjast hardare. Men desverre er dei raudgrøne (inkl. SV?) like mykje mot dette som dei blågule og tvingar derfor seg sjølv til å halde kvinneløna nede. Presset mot denne høgrepolitikken må derfor forsterkast.
Styremaktene motarbeider ikkje berre likeløns-prinsippet. Også kvinnene sin fagforeiningskamp blir motarbeidd sterkare enn menn sin kamp. Sjukepleiarane i private sjukeheimar (mest kvinner) hadde ein lovleg streik for same arbeids-, løns- og pensjonsvilkår som sjukepleiarar elles. Regjeringa stoppa streiken med tvungen lønsnemnd og streiken gav derfor ikkje det resultatet som sjukepleiarane (mest kvinner) ønska seg . På den andre sida tolererte regjeringa ein ulovleg manneaksjonen i eit års tid. Politifolk (mest menn) gjennomførte i 2008-09 ein tariffstridig overtidsaksjon som førte til ei ny overtidsavtale som er vesentleg betre enn den gamle.
No i 2010 er det 100 år sia det første framlegget om ein fast internasjonal kvinnedag kom. Forslaget kom frå Clara Zetkin, tysk sosialdemokrat som seinare gjekk over til kommunistane, på den andre internasjonale kvinnekongressen i 1910. Det var likevel først i 1922 at 8. mars blei valt til fast dato for kvinnedagen. I Høyanger blei dagen markert for første gong i 1933 – Høyanger husmorlag arrangerte då eit møte med 200 til stades. Mykje har positivt har skjedd sia den gong, men er det nokon sakleg grunnlag til at kvinner framleis skal ha berre 85 % løn?
Raudt Høyanger
Einar Rysjedal
leiar

Vil dei raudgrøne sentralt svikte lokalsjukehusa?

Raudt Sogn og Fjordane meiner at staten må sikre økonomi til å oppretthalde både lokalsjukehusa med sine noverande funksjonar og sjukehuset i Førde. Stortinget må gje tilleggsløyving. Raudt vil ha eit rekneskapssystem som elles i offentleg forvalting – det ville ha fjerna eit økonomisk underskot som verkar konstruert for å presse både tilsette og heile institusjonar.

Det er merkeleg å sjå korleis enkelte politikarar, ikkje minst raudgrøne, oppfører seg. På den eine sida: Ordførarane i lokalsjukehus-kommunane går stillare i dørene. Ap-ordføraren i Lærdal ville leggje ned fødetilbodet der og ha samarbeid med styret i Helse Førde (staten sin bøddel her i fylket). Det er mindre å høyre frå Ap-ordføraren i Eid, Sonja Edvardsen. Er det gjeve ordre frå sentralt raudgrønt hald?

På den andre sida, i kamp for sjukehusa, finn vi merkeleg nok også AP-representanten Ingrid Heggø. ”Merkeleg nok” fordi Heggø faktisk representerer det stortingsfleirtalet som ikkje har vedteke høge nok løyvingar til oppretthalding av sjukehusa med funksjonane dei i dag har.

Frå sentralt raudgrønt partihald blir det no, heilt uoffisielt, lagt opp til at lokalsjukehusa i Eid og Lærdal skal omstrukturerast til nedgraderte samhandlingsinstitusjonar. Det burde Heggø seie ope ut i, staden for å spørje etter konsekvensutgreiing på kva hennar eiga regjering, tvingar Helse Førde til å gjere. Men ho skal vel ha ein periode til på Stortinget, og då løner det seg med list.

Årdal AP representerer det positive unntaket når dei i ei uttale frå årsmøtet krev at sjukehusreforma blir evaluert. I tillegg står dei fast på kravet om behalde eit desentralisert sjukehustilbod med akuttberedskap og fødetilbod ved Lærdal sjukehus. Raudt meiner dette er viktige krav og burde vere alle raudgrøne politikarar sin politikk- også regjeringa sin.

Fylkesårsmøtet i Raudt Sogn og Fjordane

Konsert med Kaupanger skule- og ungdomskorps

Søndag 28. februar kl. 18:00 Kaupanger

Søndag arrangerer Kaupanger skule- og ungdomskorps konsert på Vesterland. Konserten er eit samarbeid mellom korpset, Kaupanger bygdakor og eit lokalt popband.
Konserten er gratis, men det vil bli høve til å støtte korpsdrifta. Vi serverer kaffi og kaker. Møt opp og få servert lett pop- og rockemusikk. Ein trivelig avslutning på helga og vinterferien.

Veka: Datarock + Karin Park

Torsdag 25. februar kl. 21:00 til fredag 26. februar 01:00 Tanken

Hausten sitt store høgdepunkt, Datarock og Karin Park blir også våren sitt store høgdepunkt! Fanskara til Datarock tel alt frå Lindsay Lohan til Øyvind Lien og er Noreg sin største musikalske eksportartikkel.

Heimeside

Video frå Meieriet sist!


DengaDenga – Kids from YAP Records on Vimeo.

Det greske arbeidande folket treng støtte!

Arbeidsfolk i alle EU-land må no gjere opprør mot eigne statar si logring med pengemakta og stormaktene sitt system. Fleire og fleire innser at dette ikkje er eit system som tener fleirtalet. Hellas er eit godt eksempel.
Hellas skuldar verda rundt 1.800 milliardar kroner. I farten hugsar vi berre ein stat med høgare gjeld (USA). Medan USA får lov til å auke gjelda si gjennom angrepskrigar rundt om i verda, driv den greske regjeringa no krig mot sitt eige folk.
Regjeringa legg nemleg opp til reduserte offentlege gode, høgare pensjonsalder, frysing av offentlege løner (i alle fall lønene til dei som har lite frå før) og offentleg tilsetjingsstopp. Dette vil auke arbeidsløysa, som med sine 11 % allereie no er uakseptabel.
Dersom Hellas hadde vore utafor EU sin pengeunion (”den økonomiske og monetære union”), hadde landet hatt eigen valuta (drakme). Hellas kunne ha devaluert valutaen sin og skapt balanse i eigen økonomi med å overføre noko av den innanlandske krisa til land med betre økonomi. Slik opererte mange land før (også Norge), og det var likevel ingen påviselege skadar av den grunn på verdsøkonomien samla sett.
EU-systemet hindrar no Hellas i å rette opp eigen økonomi på denne måten. No skal økonomien rettast opp med å velte ein endå større del av den økonomiske krisa over på arbeidsfolk. Hellas har blitt ein delstat i EU. Samfunnsøkonomen Rune Skarstein seier til avisa Dag og Tid at ein amerikansk delstat kunne klart seg betre enn Hellas fordi den kunne fått statlege overføringar som EU-systemet ikkje er i stand til.
Skulle slike overføringar bli mogleg i EU, måtte EU si felleskasse mangedoblast. Dei store kapitalistane i dei rike EU-landa og høgreorienterte veljarar, ville gått mot dette. Då bøyer sosialdemokratane av og det blir same konsensus som her i landet om at skattane ikkje skal aukast. Hellas blir som EU-medlem difor tvinga til nedskjeringar – nedskjeringar som er endå verre enn dei her i landet. Takk og pris for at Norge ikkje er EU-medlem!

Raudt Høyanger
Einar Rysjedal
leiar

Høyanger AP sviktar tariffavtale-krav

Raudt Høyanger vil at arbeidsfolk skal behandlast og betalast godt. Partiet vil at arbeidsfolk i alle verksemder skal vere fagorganiserte og ha tariffavtale. Tariffavtalar bremsar eigarar/verksemder si ekstra-utbyting av tilsette. Det er nedslåande at Høyanger AP ikkje vil bruke kommunen si innkjøpar-makt til å krevje tariffavtale hjå leverandørar.
I 2008 og 2009 leigde Høyanger kommune seg litauiske sjukepleiarar til ferieavløysing. Det skjedde gjennom utleigefirmaet Orange Helse. Der var ingen tariffavtale, og Raudt meinte at dette var sosial dumping. Raudt fekk saka opp i kommunen sitt kontrollutval, men utvalet fann seg ikkje støtte for at dette var sosial dumping.
Kontrollutvalet gjorde likevel eit positiv vedtak. Dei oppmoda kommunen til å vedta eit innkjøpsreglement som inneheld krav til leverandørane om tariffavtalar. Dette likte Raudt og ba om at saka kom opp i kommunestyret.
Tysdag 16. feb. kom saka opp i kommunestyret. Administrasjonen hadde ei sjølvmotseiande saksutgreiing. Adm. skreiv at det ser ut til at leverandørar har orden i forhold sine tilsette. På andre sida hevda adm. at den ikkje har tid til å sjekke om leverandørar har tariffavtale! Dette er nesten komisk! Det er jo lettare å sjekke om leverandørar har tariffavtale enn om dei har ”orden” i forhold til sine tilsette.
Raudt meinte at kommunen skulle bruke innkjøpar-makta si til å krevje tariffavtale. Partiet sine to representantar fekk støtte frå SVs Astrid Henden Refsdahl som også er leiar i LO Ytre Sogn. Også KrF-representanten Signy Nyland ville revidere innkjøpsreglementet. Høyanger AP uttala seg i allmenne ordelag for tariffavtalar, men ville ikkje ta det inn i innkjøpsreglementet. Dei borgarlege trengde såleis ikkje seie noko som helst – dei kunne berre følgje med i AP-straumen.
Denne saka må haldast varm. Raudt håpar at Høyanger AP kjem på betre tankar og røystar raudt/rett neste gong saka kjem opp. Eller skal bedriftseigar-interessene vege tyngst for AP også i framtida?
Raudt Høyanger
Einar Rysjedal
leiar

Veka: Lisa TØnne Aka Ali Reza + Nils Ingar Aadne + Konsert: Ludo!

Mandag 22. februar kl. 20:00 til tirsdag 23. februar 01:00 Tanken

Morra di!

Lisa Tønne har vore ein svært aktiv komikker og skodespelar. No er ho på farten med sitt nye show ALI REZA.

Bli med i Facebook gruppa til ALI REZA!

Nils Ingar Aadne
Denne mannen vart av VG omtala som Noreg sitt nye stjerneskot på komihimmelen!
Sjekk ut denne morosame saken om dorullar!

Bli med på Facebookgruppa! OBS OBS OBS KUN 300 BILLETTAR

SOGN OG FJORDANE HØGRE: Valnemnda sin innstilling opp mot fylkesårsmøtet 13/14 mars 2010

Sjå nettsak hos Sogn og Fjordane Høgre

Sogn og Fjordane Høgre skal ha fylkesårsmøte laurdag 13. og sundag 14. mars
på Fretheim Hotel i Flåm, Aurland kommune. Her er valnemnda sin innstilling:

Verv) (Namn)
Fylkesleiar Bjørn Lødemel, Hornindal (attval, bildet under)

Kvinnepolitisk fylkeskontakt Olin Johanne Henden, Gloppen (attval)
Fylkesstyremedlem Claus Kvamme, Sogndal (attval)
Fylkesstyremedlem Sissel Loen, Stryn (attval)
Fylkesstyremedlem Hallgeir J. Helland, Flora (attval)

1. varamedlem til fylkesstyret Einar Inge Målsnes, Balestrand (attval)
2. varamedlem til fylkesstyret Brita Tønjum Einemo, Lærdal (attval, opprykk)
3. varamedlem til fylkesstyret Sven Flo, Stryn (attval)
4. varamedlem til fylkesstyret Stian Strømsøy Holm, Bremanger (attval, opprykk)
5. varamedlem til fylkesstyret Frida Melvær, Askvoll (ny)
6. varamedlem til fylkesstyret Hanne Husebø Kristensen, Flora (ny)
7. varamedlem til fylkesstyret Ole Gunnar Krakhellen, Solund (attval, endra rekkefølgeplass)

2 revisorar Bjarte Isak Husevåg, Førde (attval) og Oddveig Birkeland, Førde (attval)

Fem utsendingar til landsmøtet
01. Eva Marie Halvorsen, 2. fylkesnestleiar/varaordførar, Førde
02. Fredrik Helland, 1. nestleiar Sogn og Fj. Unge Høgre, Flora
03. Edit Aarebrot Madsen, fylkesgruppenestleiar, Flora
04. Morten Midlang, kommunestyrerepresentant, Vik i Sogn
05. Torill Irene Olesrud Fjørtoft, fylkesstyremedlem, Eid

Fem varautsendingar til landsmøtet
a) Arve H. Mjømen, 1. fylkesnestleiar/lokallagsleiar, Gulen
b) Stine Sandvik, 2. nestleiar Sogn og Fjordane Unge Høgre, Luster
c) Ole Gunnar Krakhellen, FT-repr./vara til fylkesstyret, Solund
d) Sven Flo, kommunestyremedlem/varamedl. til fylkesstyret, Stryn
e) Bengt Solheim-Olsen, lokallagsleiar/hovudutvalsleiar, Flora

Desse vert utsendingar uansett til Landsmøtet i kraft av verv – 7 – 9 mai, Oslo:
*Fylkesleiar/sentralstyremedlem/Stortingsrepr.
Bjørn Lødemel, Hornindal (dersom attval fylk.l.)
*Kvinnepolitisk fylkesrepresentant
Olin Johanne Henden, Gloppen (dersom attval)
*Fylkesgruppeleiar Mathias Råheim, Gaular

Desse personane er ikkje på val
*1. fylkesnestleiar Arve H. Mjømen, Gulen
*2. fylkesnestleiar Eva Marie Halvorsen, Førde
*Fylkesstyremedlem: Toril I. O. Fjørtoft, Eid
*Fylkesgruppeleiar Mathias Råheim, Gaular
*Sogn og Fjordane Unge Høgre sin fylkesleiar,
Jacob Nødseth, Flora (fylk.årsmøte UH apr. 2010)

Medlemmene av valnemnda har vore:
Oddvin Magne Hansen/Eid (leiar), Marita Solheim/Fjaler (nestleiar), Fredrik Helland (Sogn og Fjordane Unge Høgre), Karl-Eric Melander/Førde, Bengt Solheim-Olsen/Flora, Marit Pettersen/Vik og Aud Kristin Løvlid/Stryn.

Kunstutstillinga "Fjell"

Onsdag 24. februar kl. 00:00 til lørdag 6. mars 00:00 Galleri Krydder, Sentrumsparken i Sogndal

Utstilling med kunstnarane Kristian Finborud, Magne Vangsens, Jon Myrkaskog, Arvid Elvekrok, Erik Hoel, Signe Fortun Veka, Harald Tufte og Oskar Andersen og mange fleire.

Kafe Krydder held ope til kl 18.00 både torsdag og fredag og til kl 16.00 laurdag under “Fjellsportfestivalen”. Servering av fjellmat, lokalt øl, vin og glüwein.

Motorpsycho + Supersilent

Torsdag 25. mars kl. 21:00 til fredag 26. mars 02:00 Tanken

Rikskonsertene presenterer:


Motorpsycho & Supersilent


-Tung dynamisk presisjon i møte med nyskapande improvisasjon.


Legendariske Motorpsycho har holdt det gåande i over 20 år. Framleis like aktuelle, innflytelsesrike og nyskapande. Med over 10 solide album bak seg, har dei manifestert seg innan ei rekke sjangrar. Frå fløyelsmyk og orkestral pop, til hardtslåande, seig og brutal, tung rock.


Supersilent med sitt album ‘9’ bak seg, er fortsatt like søkande og kompromisslause, som då dei slapp debutalbumet sitt “1-3” på Rune Grammofon 1996. Supersilents Helge Sten (aka Deathprod), har samarbeida med Motorpsycho ved flere anledningar tidligare, og kan ansjåast for å ha bidratt til å skape det Motorpsycho vi kjenner i dag.


Visuell trollmann Pekka Stokke bind det hele saman til eit stort, kvilelaust monster av lyd, lys og bilde. Det er med andre ord duka for ein festaften av dei sjeldne.


Vel møtt!

Veka: Vassendgutane

Fredag 19. februar kl. 21:00 til lørdag 20. februar 02:00 Tanken

No blir det liv! Den konserten som solgte kjappast ut i 2009 var nettopp Vassendgutane. Det er tydeleg at den folkelege musikken går rett heim hos Sogndølar men også blant urbane Oslofolk og feststemde Valdrisar. Dette er kvelden då sjølve urrope til menneske kjem fram og dei vert råka rett i hjarte av fest og medfylgjande relasjonsmessige faktorar.

Ver tidleg ute, ingen vil gå glipp av dette!

Veka: Donkeyboy

Torsdag 18. februar kl. 21:00 til fredag 19. februar 01:00 Tanken

Donkeyboy har vore Noreg sitt mest populære band i haust og kjem endeleg til Meieriet! Sjeldan har Noreg sett ein verkeleg popsensasjon på linje med Donkeyboy og me vågar påstanden at alle i Sogndal har lagt merkje til desse i haust. Fengande rytmar, praktfulle vokalske harmoniar og fargerike sceneshow er noko av det me kan venta oss. Men kanskje mest av alt: ein framifrå stemning som vil dra alle inn i den svevande og drøymande Vekastemninga!

Veka: Paperboys + Robin & Bugge

Onsdag 17. februar kl. 21:00 til torsdag 18. februar 01:00 Tanken

Paperboys er Noreg sine ukrona hiphop kongar. Med Vinni i spissen har dei år etter år toppa alle salslister. Kven hugsar ikkje Barcelona? Paperboys vitja også veka i 2006 med ein fantastisk konsert. Vinni hadde publikum i si hole hand og leverte ein legendarisk konsert som mange held blant topp fem i Sogndal gjennom tidene. I 2009 gjorde dei to karane eit aldri så lite comeback med den eminente plata "The Oslo Agreement". Den er spekka av hits, men dei fleste kjenner vel aller best til radioslageren "Lonesome Traveller". Ingen fot kjem til å stå stille og alle hender vil vera i taket! Velkommen til Vekaopning Tjueti!


For å verkjeleg fyre opp publikum før konserten med Paperboys har Veka henta inn populære Robin & Bugge – ei av dei mest nyskapande og spanande rapgruppene i landet!

Stoppestaden av Julian Garner

Fredag 5. mars kl. 19:00 Skjolden fjordstove

Stoppestaden. Foto: Vidar Helle

- ein psykologisk thriller frå jazzmiljøet i New Orleans på 1920 og 30 – talet.

Den rike jazzsamlaren Joe står og blar seg gjennom jazzavdelinga i ein stor bokhandel i New York. Det neste han veit er at han vaknar på eit ikkje alt for fint hotellrom i New Orleans. Kidnapparane veit alt om den brennande og lidenskapelege interessa han har for 1920-åras jazzklarinettist, Leon Roppolo og dei gir han eit tilbod han ikkje kan avslå… Joe legg ut på ei halsbrekkande reise inn i hovudet, kroppen og sjela til sin mystiske helt.

”Ein ting er kva ein er, ein annan ting er kva ein vil vere”

Regi: Rita Abrahamsen
Scenografi og kostymedesign: Åse Hegrenes
Lysdesign: Elisabeth Nilsson
Medverkande: Ole Martin Aune Nilsen, Ane Skumsvoll og Karl Sundby

Ole Martin Aune Nilsen og Ane Skumsvoll er begge med i denne sesongen av suksesserien Himmelblå på Nrk1. Karl Sundby hugsar mange som karakteren Åge i Hotel Cæsar.

Stoppestaden av Julian Garner

Torsdag 4. mars kl. 19:00 Sogndal Kulturhus

Stoppestaden. Foto: Vidar Helle

- ein psykologisk thriller frå jazzmiljøet i New Orleans på 1920 og 30 – talet.

Den rike jazzsamlaren Joe står og blar seg gjennom jazzavdelinga i ein stor bokhandel i New York. Det neste han veit er at han vaknar på eit ikkje alt for fint hotellrom i New Orleans. Kidnapparane veit alt om den brennande og lidenskapelege interessa han har for 1920-åras jazzklarinettist, Leon Roppolo og dei gir han eit tilbod han ikkje kan avslå… Joe legg ut på ei halsbrekkande reise inn i hovudet, kroppen og sjela til sin mystiske helt.

”Ein ting er kva ein er, ein annan ting er kva ein vil vere”

Regi: Rita Abrahamsen
Scenografi og kostymedesign: Åse Hegrenes
Lysdesign: Elisabeth Nilsson
Medverkande: Ole Martin Aune Nilsen, Ane Skumsvoll og Karl Sundby

Ole Martin Aune Nilsen og Ane Skumsvoll er begge med i denne sesongen av suksesserien Himmelblå på Nrk1. Karl Sundby hugsar mange som karakteren Åge i Hotel Cæsar.

Stoppestaden av Julian Garner

Onsdag 3. mars kl. 19:00 Aurland samfunnshus

Stoppestaden. Foto: Vidar Helle

- ein psykologisk thriller frå jazzmiljøet i New Orleans på 1920 og 30 – talet.

Den rike jazzsamlaren Joe står og blar seg gjennom jazzavdelinga i ein stor bokhandel i New York. Det neste han veit er at han vaknar på eit ikkje alt for fint hotellrom i New Orleans. Kidnapparane veit alt om den brennande og lidenskapelege interessa han har for 1920-åras jazzklarinettist, Leon Roppolo og dei gir han eit tilbod han ikkje kan avslå… Joe legg ut på ei halsbrekkande reise inn i hovudet, kroppen og sjela til sin mystiske helt.

”Ein ting er kva ein er, ein annan ting er kva ein vil vere”

Regi: Rita Abrahamsen
Scenografi og kostymedesign: Åse Hegrenes
Lysdesign: Elisabeth Nilsson
Medverkande: Ole Martin Aune Nilsen, Ane Skumsvoll og Karl Sundby

Ole Martin Aune Nilsen og Ane Skumsvoll er begge med i denne sesongen av suksesserien Himmelblå på Nrk1. Karl Sundby hugsar mange som karakteren Åge i Hotel Cæsar.

Stoppestaden av Julian Garner

Tirsdag 2. mars kl. 19:00 Lærdalsøyri skule

Stoppestaden. Foto: Vidar Helle

- ein psykologisk thriller frå jazzmiljøet i New Orleans på 1920 og 30 – talet.

Den rike jazzsamlaren Joe står og blar seg gjennom jazzavdelinga i ein stor bokhandel i New York. Det neste han veit er at han vaknar på eit ikkje alt for fint hotellrom i New Orleans. Kidnapparane veit alt om den brennande og lidenskapelege interessa han har for 1920-åras jazzklarinettist, Leon Roppolo og dei gir han eit tilbod han ikkje kan avslå… Joe legg ut på ei halsbrekkande reise inn i hovudet, kroppen og sjela til sin mystiske helt.

”Ein ting er kva ein er, ein annan ting er kva ein vil vere”

Regi: Rita Abrahamsen
Scenografi og kostymedesign: Åse Hegrenes
Lysdesign: Elisabeth Nilsson
Medverkande: Ole Martin Aune Nilsen, Ane Skumsvoll og Karl Sundby

Ole Martin Aune Nilsen og Ane Skumsvoll er begge med i denne sesongen av suksesserien Himmelblå på Nrk1. Karl Sundby hugsar mange som karakteren Åge i Hotel Cæsar.

Veka: Urban Skileik

Lørdag 20. februar kl. 12:00 til 16:00 Meieriet

Også i år fyller Studentspretten, ved hjelp av lokale ”snøprodusentar”,
gata mellom Meieriet og kommunehuset med snø. Her skal det tevlast på
ekte OL-vis; det blir både langrenn og skiskyting. Dersom du er
skikkelig uheldig vil det også verte strafferundar. Vi vonar at så
mange av barneskuleelevane rundt om i Sogndal stiller opp på dette
artige skirennet. Men, det er ikkje berre ungane som skal få brynt seg
denne dagen. Vi inviterer bedrifter og andre interesserte til å verte
med å stille lag og tevle mot studentane. Det vil sjølvsagt bli
premiering av beste skikostyme.

Urban skileik avviklast laurdag
20.februar, og påmelding av lag til stafetten må sendast til studentspretten@stuf.hisf.no innan 18.februar.

Etter skirennet vil det sjølvsagt bli barnekonsert med salg av brus og
pølser til dei minste, medan det blir afterski med musikk og salg av
slalombrus til dei eldste.

Veka: Ol I Spel

Søndag 21. februar kl. 13:30 til 17:00 Laben

Det er ikkje berre i Vancouver det skal utøvast olympisk kappestrid i
desse dager, men også på Meieriet. Her skal studentane samlast til
uhøgtidelig tevling i kjente og kjære spel. Blant anna blir det turka
støv av den gamle Nintendo 8-bits, samt dei gode gamle
bordhockey-spela. Sjølvsagt skal det også trekkast fram brett- og
terningspel. Her skal studentane endelig få finne fram igjen den
barnslige lysten som spel kan gje. Det som er mest genialt med denne
turneringa er at så godt som alle har dei same forutsetningane for å
lukkast i desse spela. Alle har vi vel slått eit slag yatzy? 

Tevlinga startar klokka 14.00 på Lab’en, med påmelding frå klokka
13.30. Det kostar 20 kroner å delta, og vi kan garantere dei tøffaste
premiane gjennom heile Veka!

Vekaquiz

Fredag 19. februar kl. 19:00 til 21:00 Laben

Sjølvsagt vert det tradisjonell pubquiz under Veka også. Merk at quizen startar kl.19 under Veka!

Vekabasar

Torsdag 18. februar kl. 15:00 til 17:00 Laben

Nytt av året er ein eigen VEKA basar! Sats ei krone på åresalg,
kakelotteri, 21, tombola og mykje anna. Her kan du vinne flotte
premiar, blant anna frå våre sponsorar.

Basaren startar klokka 15 og føregår på Lab’en

Vekabingo

Onsdag 17. februar kl. 15:30 til 16:30 Laben

Det vert to bingoøkter under årets VEKA. Bingoen føregår på Lab’en og vi har mange flotte premiar som skal delast ut!

Veka: Premierefest Og Konsert Med The Walt Whitmen

Tirsdag 16. februar kl. 22:00 til onsdag 17. februar 01:00 Tanken

Hugsar du bandet som skapte magi under artistsleppet i
desember? Veka har invitert dei tilbake til Sogndal for å skapa den
rette stemninga under premierefesten etter revyen komande tysdag!

Ein saftig revy treng ein unik premierefest. Derfor inviterar VEKA og revygjengen til gratis premierefest for alle tysdag kl.22.


The Walt Whitmen garanterar god stemning med “gromme låtar frå
Amerika”. Bluesgrass og folkmusikk er nøkkelord når du får presentert
kjente og ukjente songar frå den andre sida av fjorden. Det musikalske
biletet spenner frå bluegrass til gospel, frå dei tidlegaste
slavetidene og fram til dei mytiske 1970-åra.


Ta på hatten og spenn fast støvlane! Velkommen til premierefest!

Vekakafé

Mandag 15. februar kl. 12:00 til 18:00 Laben

Veka: Club:veka

Lørdag 13. februar kl. 21:00 til søndag 14. februar 02:00 Tanken

Veka og Club:Meieriet inviterar til ein klubbkveld som du aldri før har sett maken til på Meieriet! Her blir det live speling frå scena, 1,5 meter i diameter stor diskokule (!), røykkanonar frå taket og alt av lys og effektar Club:Meieriet har brukt til no!

Etter eit halvt år med Club:Meieriet må konseptet kunna kallast ein suksess. C:M har booka dj’s som kvar og ein har sin spesielle sound og spelestil for å finna ut kva som fungerar i saftbygda (eller var det klubbygda?). På denne måten har konseptet vorte betre og betre. Under Veka tek C:M konseptet til eit nytt nivå.

I tillegg til ein imponerande lineup, samt alt av lys og effekter som har vorte brukt på Club:Meieriet til no, vil det også verta fleire discokuler, mellom anna ei 1,5m i diameter stor kule, samt nye røykkanonar frå taket.

Denne kvelden vil også den nye DJ-båsen vera ferdig, og vil bli flytta opp på scena!

Phaxx (SE)
Phaxx er ein erfaren DJ som er kjend for å laga stemning. Spesialiteten er elektronisk musikk kombinert med tekniske ferdigheiter. Denne svensken starta å spela på slutten av 80-talet, og har terrorisert dansegolv på deo fleste kjente utestadane rundt omkring i Europa som f.eks Bora Bora (Ibiza), Traffic (UK) og Castle Club (Hellas), samt det meste av klubbar i heile Skandinavia.
Han fekk også æra av å dela dekk med stjerner som Roger Sanchez og Bob Sinclair på den vellukka turneen med DJ Goldfinger (Klovner i kamp) og Tarjei (Ralph Myerz) som nettopp har vorte avslutta.
Phaxx er for tida resident på Åpenbar i Oslo, anker for Hed Kandi Skandinavia, samtidig som han har har jevnlege turar innom Hemsedal nå i vintersesongen.

John Moss
2009 has been a great year for one of Norway’s rising stars, d.j /producer John Moss. And it’s easy to see why, with productions released on Toolroom and Urbantorque and a string of gigs all over Europe including Ibiza, U.K, Bulgaria and main land Spain. On the d.j front John is one Norway’s hardest working d.j’s and has also had key gigs all over Europe including, Space, Es Paradise, Bora Bora and Cafe Mambo in Ibiza, and a monthly residency at Sosho in London. And with many new productions and gigs in the pipeline, 2010 is looking to be his best year yet!

As one of Norway’s leading d’j’s now since the early 1990’s he holds a residency at the Quart festival in Kristiansand as well as touring his ‘Bring Back The Love’ and ‘Ritmo De La Noche’ concepts and in addition to this he has held residencies at all of Norway’s leading venues such as: La Belle Sol, Buddha Bar, Stravinsky, Cosmo, Salvation, Hemsen etc before being snapped up by the countries leading club, Rexx in Oslo where he really established his name playing along side the likes of: Bob Sinclar, Dimitri From Paris, ATFC, Tim Deluxe, Pete Gooding and many more.

Paul West
Paul West vart fødd med ein synthesizer mellom hendene, og er ein dei dyktigaste og mest hardt arbeidande produsentane i Noreg. Når han ikkje er i studio, finn du han på scena med synth, bass, perkusjon og gjerne ein laptop. Multitasking for men! ;) Live setta hans saman med dj`er set verkeleg prikken over i’en for kvelden.

Thomas Johanson
Med Thomas Johanson på trompet er laget for denne kvelden endeleg klart! Thomas er ein erfaren jazz musikar frå Skien og har spelt trompet sidan han var 8 år gamal, noko som etterkvart førde til ei bachelorgrad i jazztrompet ved Universitet i Stavanger i 2006. Ved sida av å vera trompetinstruktør har Thomas dei siste åra hatt fleire show saman med house dj’s og bygd opp eit rykte som ein solid, dyktig og scenevand trompetist. Med Thomas sin sound og særpreg oppå låtane kan du forventa deg ei heilt spesiell musikkoppleving som garantert fell i smak.

Cover: Kr 80/100

Lineup
Dj Phaxx (SE), Dj John Moss, Paul West på synth og perkusjon, og Thomas Johanson på trompet.

Nytt utstyr
Speglkule 1,5m , røykanonar fra taket og ny dj booth på scena.

Veka: Kunstutstilling - Arve UllebØ

Søndag 14. februar kl. 17:00 til 23:00 Galleriet

VEKA kunstneren Arve Ullebø stiller ut bilder på galleriet under hele VEKA. Søndag er det offisiell åpning klokka 17.

Årsmøte Balestrand KrF

Onsdag 17. februar kl. 20:00 til 22:30 Bedehuset Betel, Balestrand

Balestrand KrF held årsmøte onsdag 17.februar i Bedehuset Betel kl 20:00

Alle medlemmer er inviterte. Medlemmar har og stemmerett. Det er høve til å bli medlem på møtet.
Medlemmer i Balestrand KrFU er samtidig medlemmar i Balestrand KrF, og er hjarteleg velkomne på årsmøtet.

Annonse

Hvordan finne bidrag

  • Du kan ekskludere ord ved å bruke minustegnet. båt -bil finner alt som nevner båt, men ikke bil.
  • Du kan kreve ord at inkluderes ved å bruke plusstegnet. båt +bil finner alt som nevner både båt og bil.
  • Du kan finne ord som nevnes sammen. "bil og båt" (merk anførselstegnene) finner bidrag som nevner det nøyaktige frasen bil og båt, men ikke f.eks. bil eller båt.
  • Søket gjør ingen forskjell på store og små bokstaver.