Bruk reservasjonsretten mot datalagringsdirektivet!EU sitt datalagringsdirektiv bryt med eit viktig grunnprinsipp i rettsstaten om at ein ikkje skal bli overvaka utan rimeleg grunn til mistanke. Direktivet grip direkte inn i kvardagen til folk ved at det blir lovpålagt å registrere all bruk av telefon, e-post og SMS i minst 6 månader. Dei nye EU-reglane er eit alvorleg angrep på personvernet. Direktivet pålegg teleselskap og internettleverandørar å lagre informasjon om kven som ringjer, surfar på nettet, sender SMS eller e-post og kven som er mottakar, tidspunkt og kvar det blir ringt eller sendt frå. Det inneber at Telenor, NetCom og andre operatørar blir pålagt å ta vare på alle slike opplysningar i 6 – 24 månader. Datatilsynet i Noreg kjem med sterke åtvaringar mot direktivet og fryktar at det vil bli oppretta hundrevis av små ”politiregister” hos internettleverandørar og teleselskap. Faren er stor for misbruk av opplysningar, og slik datalagring hos private firma inneber risiko for at opplysningar kan kome i urette hender. I juli 2002 vart det t.d. stole 60 000 personnummer frå Tele 2. EU sitt datalagringsdirektiv er ein del av den indre marknaden og dermed EØS-relevant. Det har EF-domstolen slått fast. Det inneber at Noreg må bruke reservasjonsretten i EØS-avtalen for å unngå det omstridde direktivet. I Soria Moria 2 deler dei raudgrøne seg i denne saka. AP vil gjere direktivet til norsk lov dersom dette ikkje fører til negative konsekvensar for personvernet, medan SV og SP vil bruke reservasjonsretten av omsyn til personvernet. Motstanden mot direktivet er aukande, og både FrP, V og KrF vil bruke reservasjonsretten. Oslo Høgre har på årsmøtet sitt ,med stort fleirtal, gått inn for det same. Motstanden veks også innad i AP, og Trondheim AP krev på sitt årsmøte at regjeringa seier nei til direktivet med grunngjeving at ”sikring av elektroniske beviser forbeholdes personer under etterforskning, ikke uskyldige sivile.” Sogn og Fjordane Nei til EU registrerer med glede den aukande motstanden og oppmodar folk om å skrive seg på underskriftslista til kampanjen ”Stopp datalagringsdirektivet”. Vi vil ikkje ha eit slikt overvakingssamfunn som datalagringsdirektivet legg opp til og krev at Stortinget tek i bruk den reservasjonsretten som ligg i EØS-avtala. Sogn og Fjordane Nei til EU
Sognatreff
Følges av 1141 medlemmer.
Sona for sogningar og andre som liker seg i Sogn. Meir om sona Sognatreff er en sone på Origo. Les mer | ||