Vil dei raudgrøne sentralt svikte lokalsjukehusa?Raudt Sogn og Fjordane meiner at staten må sikre økonomi til å oppretthalde både lokalsjukehusa med sine noverande funksjonar og sjukehuset i Førde. Stortinget må gje tilleggsløyving. Raudt vil ha eit rekneskapssystem som elles i offentleg forvalting – det ville ha fjerna eit økonomisk underskot som verkar konstruert for å presse både tilsette og heile institusjonar. Det er merkeleg å sjå korleis enkelte politikarar, ikkje minst raudgrøne, oppfører seg. På den eine sida: Ordførarane i lokalsjukehus-kommunane går stillare i dørene. Ap-ordføraren i Lærdal ville leggje ned fødetilbodet der og ha samarbeid med styret i Helse Førde (staten sin bøddel her i fylket). Det er mindre å høyre frå Ap-ordføraren i Eid, Sonja Edvardsen. Er det gjeve ordre frå sentralt raudgrønt hald?
Årdal AP representerer det positive unntaket når dei i ei uttale frå årsmøtet krev at sjukehusreforma blir evaluert. I tillegg står dei fast på kravet om behalde eit desentralisert sjukehustilbod med akuttberedskap og fødetilbod ved Lærdal sjukehus. Raudt meiner dette er viktige krav og burde vere alle raudgrøne politikarar sin politikk- også regjeringa sin. Fylkesårsmøtet i Raudt Sogn og Fjordane Sognatreff
Følges av 1141 medlemmer.
Sona for sogningar og andre som liker seg i Sogn. Meir om sona Sognatreff er en sone på Origo. Les mer | ||