Arbeidsfolk i alle EU-land må no gjere opprør mot eigne statar si logring med pengemakta og stormaktene sitt system. Fleire og fleire innser at dette ikkje er eit system som tener fleirtalet. Hellas er eit godt eksempel.
Hellas skuldar verda rundt 1.800 milliardar kroner. I farten hugsar vi berre ein stat med høgare gjeld (USA). Medan USA får lov til å auke gjelda si gjennom angrepskrigar rundt om i verda, driv den greske regjeringa no krig mot sitt eige folk.
Regjeringa legg nemleg opp til reduserte offentlege gode, høgare pensjonsalder, frysing av offentlege løner (i alle fall lønene til dei som har lite frå før) og offentleg tilsetjingsstopp. Dette vil auke arbeidsløysa, som med sine 11 % allereie no er uakseptabel.
Dersom Hellas hadde vore utafor EU sin pengeunion (”den økonomiske og monetære union”), hadde landet hatt eigen valuta (drakme). Hellas kunne ha devaluert valutaen sin og skapt balanse i eigen økonomi med å overføre noko av den innanlandske krisa til land med betre økonomi. Slik opererte mange land før (også Norge), og det var likevel ingen påviselege skadar av den grunn på verdsøkonomien samla sett.
EU-systemet hindrar no Hellas i å rette opp eigen økonomi på denne måten. No skal økonomien rettast opp med å velte ein endå større del av den økonomiske krisa over på arbeidsfolk. Hellas har blitt ein delstat i EU. Samfunnsøkonomen Rune Skarstein seier til avisa Dag og Tid at ein amerikansk delstat kunne klart seg betre enn Hellas fordi den kunne fått statlege overføringar som EU-systemet ikkje er i stand til.
Skulle slike overføringar bli mogleg i EU, måtte EU si felleskasse mangedoblast. Dei store kapitalistane i dei rike EU-landa og høgreorienterte veljarar, ville gått mot dette. Då bøyer sosialdemokratane av og det blir same konsensus som her i landet om at skattane ikkje skal aukast. Hellas blir som EU-medlem difor tvinga til nedskjeringar – nedskjeringar som er endå verre enn dei her i landet. Takk og pris for at Norge ikkje er EU-medlem!
Raudt Høyanger
Einar Rysjedal
leiar
Kommentarar
Prisverdig og opplysande innlegg. Spisielt, siste setningen. Den e grei!
Har stemt,“Nei” mot EU 2 gange. Når da gjelde USA, so putla dei no fremdeles pao med, å setja seg i meir gjeld. So Good bless Amerika, fyr all del.
Trur ikkje du ska bekjymra deg fyr Amerika. No dei no faor så mykje gjeld, so dei meina dei treinge. Sele dei ho berre te Columbia, so faor atte reine peinga, te og med kontant om dei ve. Don`t wurry be happy-the american way-